Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Ein reiskap for din fred

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland ti., februar 02, 2016 16:23:52

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 5, oktober 2015.

av Steinar Skartland, redaktør

Valet er gjort. Nye er klare til å ta til i soknerådsarbeidet, saman med dei erfarne. Den viktigaste oppgåva for sokneråda er å arbeida for ei levande lokalkyrkje. Ein stad der Guds ord blir rikeleg forkynt, at døypte får trusopplæring, at barn og unge kan samlast om gode formål og at lekamleg og åndeleg naud blir avhjelpt.

Fokuser mest på det som kan vekkja og nære det kristelege livet i soknet og søk eit godt samarbeid. Gjer kyrkjer, bedehus og klubblokale til gode møteplassar, som kan leggja igjen gode minne som folket kan ta med seg vidare i livet.

Kyrkjene i Vindafjord har på ein god måte fått lagt opp arbeidet for alle aldersgrupper. Sokneråd, prestar, kantor,
kateket og andre medarbeidarar i trusopplæringa har i saman med frivillige i lag og organisasjonar sikra at det i kvar bygd er aktivitetar og tilbod tilpassa dei ulike aldersgruppene. Dette arbeidet må ha høg prioritet. Guds ord må leverast vidare til neste generasjon slik at dei kan kjenna at det er kjærleik som er det sentrale i bodskapen. I ei verd der nyheitene er fulle av krig, terror, bomber og mange som flyktar frå det vonde menneskje har sett i gang, kan det vera vanskeleg å få plass til omgrep som kjærleik, omsorg og glede. Men det må me halda fast ved, me som lever i eit av dei beste landa i verda. Me må be som Frans av Assisi:

Herre, gjer meg til ein reiskap for din fred. Hjelp meg å spreia kjærleik der hatet herskar, tru der tvil råder, håp der det er angst og naud. Hjelp meg å få koma med tilgjeving der det er gjort urett, å skapa forsoning der det er strid, å spreia lys der det er mørke, å gje glede der sorg tyngjer.

Meister, hjelp meg å søkja ikkje så mykje å bli trøysta som å trøysta, ikkje så mykje å bli forstått som å forstå, ikkje så mykje å bli elska som å elska.

For det er ved å gje at vi får, ved å tilgje at vi blir tilgjevne, ved å missa vårt liv at vi finn det. Det er ved å døy at vi står opp til æveleg liv.





  • Kommentarer(0)

Fill in only if you are not real





Følgende XHTML-tags er tillatt: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS og Javascript er ikke tillatt.