Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Bevar søndagen som ein fridag

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland fr., juni 05, 2015 19:51:00

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 2, 26. mars 2015.

Søndagen, ein annleis dag.

Av Steinar Skartland

Søndagen – ein dag til å gjera noko anna. Møtast i familien, gå tur, oppleve noko kjekt saman, kvile og lade opp «batteria» eller for ein del, å samlast til gudsteneste. I debatten skal vi ikkje stikka under ein stol at mange framleis vektlegg Guds bod: Du skal halda kviledagen heilag.

Nokre må arbeida på kvildagen. Doktorar må hjelpe dei som er sjuke. Dyra skal få mat og kyrne må mjølkast. Andre må syta for at det er straum i leidningane og ljos i lampane. Jesus svara også på spørsmål om dette. Svaret hans kan du lesa i Matteus ev. kap. 12.

Det har vore ein lang tradisjon i vår kultur at dei som arbeider på søndagen, fordi dei må, får ekstra gòdar. Meir løn eller færre timar i arbeidsveka. Søndagsope i butikkane er ikkje berre eit brot på helgedagsfreden, det er også endå eit steg i retning av eit samfunn der alle dagar er like. På den eine sida forsvinn då grunnlaget for ekstra lønsgodar for ubekvem arbeidstid, på den andre sida forsvinn grunnlaget for å ha ein dag i veka som er spesiell. Ein dag tileigna familien eller til å bruka sinnet på andre ting enn kvardagens slit og møda. Så er dei truleg i mindretal i samfunnet, dei som vil innføra søndagsopne butikkar. Både arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, organisasjonane og kyrkja talar i mot dette. Eg vonar vi kan halda på tradisjonen med å la søndagen vera ein annleis dag, og grunnane er fleire enn ein.

Nyt dei helgedagar og fridagar som du får.







  • Kommentarer(0)

Fill in only if you are not real





Følgende XHTML-tags er tillatt: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS og Javascript er ikke tillatt.