Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Eit val-år

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland to., mars 07, 2019 10:39:09

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 1 - 2019. Les heile bladet her.

Både dette nummeret av Hyrdingen og det førre har mykje stoff knytt til skifte av sokneprestar. Vi ynskjer Kristian Kyllingstad og Tsegayesus Hurisa Hunde velkomne til teneste i Vindafjord og sender ei takk til Harald Eintveit og Jon Ådnøy som har avslutta si teneste her.

Eit val-år

I snart fire år har sokneråda gjort si teneste. Me set stor pris på kvar og ein som har stilt opp. Nå er igjen spørsmålet – kven vil vera kandidat til soknerådsvalet i år? Nokre kan nok tenkja seg å ta på ein ny periode, andre vil ta eit steg til sides slik at nye kan få sleppa fram og få vera med i leiinga av våre lokale kyrkjer. Vil du melde deg til teneste i di bygd? Kyrkja treng deg!

Sjølv om valet ikkje er før i september, så er det nå sokneråda jobbar med å få på plass vallister.

Kyrkjevalet er to val

Samstundes lokalvala skal folket også røysta på representantar til Stavanger bispedømmeråd. Nominasjonsarbeidet pågår mellom både leke og kyrkjeleg tilsette. D.n. kyrkja har ved dei siste vala vore delt i to leirar, men vi vonar at dei som stiller til val framover kan samarbeida for å byggja ei god kyrkje for alle medlemer, der trua på Jesus er det som bitt saman.

Ny biskop

Så er det avgjort og vi kan ynskja Anne Lise Ådnøy velkommen til teneste som biskop i Stavanger bispedømme. Mange kjenner henne alt som fungerande biskop i ein lengre periode. Ho er kjend for å ha gode, brubyggjande evner og ei god forkynning. Det trur vi blir viktig.

For i prosessen var kyrkja delt. Det var Helge Gaard som fekk størst oppslutnad i bispemøtet og i bispedømmerådet, men Kirkerådet avgjorde valet av Ådnøy med 8 mot 6 røyster.

Utfordringa er at dei som har brukt tid på å setja seg inn i saka og kandidatane sine referansar, og tilrådd ein annan kandidat, kan kjenne seg overkøyrde. Leiaren i Stavanger bispedømmeråd uttalte i media at folk kjende seg makteslause og ho var redd for at fleire ikkje gidde å engasjera seg i kyrkja lengre.

Då treng biskopen gode brubyggjande evner, og kyrkja at medlemene stiller opp og engasjerer seg for hovudsaka: Jesus, som vår frelsar.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post55

Eit nytt år er i kjømda

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland to., mars 07, 2019 10:33:38

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 6 - 2018. Les heile bladet her.

Eit nytt år er i kjømda, seiest det. Dette ordet, kjømd, tyder: «det å kome» eller nærleik. I kjømda er å vente på noko som kjem. Same tyding har også ordet advent, som betyr «komme».

Ei forkorting av det latinske: Adventus Christi (=Kristi komme).

I kyrkja tek det nye året til med første søndag i advent. Det er tid for julekonsertar og oppfrisking av gamle og nye tonar og songar vi sjeldan nyttar elles i året. Lysmesser i kyrkjene med speidarar og konfirmantar er ei spennande avveksling som trekkjer mange familiar til Guds hus. Juleaftan fylles benkene i mange kyrkjer.

Rundt omkring i bygdene markerer folk denne tida. Dei bakar tradisjonelle julekaker; set ut kornband og mat til småfuglane, pyntar husa med lys både inne og ute. Før i tida skulle alt vaskast og skurast, i både skuffer, skap og hus. Mange held på tradisjonane og inkluderer borna i å lage julepynt og å pakka gåver. Tradisjonen tru inviterte Hyrdingen borna til å teikna frå juleevangeliet. Over 200 teikningar kom inn. Nokre få kan vi visa fram i bladet. Tusen takk til alle som ville delta!

Kyrkjene våre får nye medarbeidarar. Halvt anna år etter at Kari tok over stafettpinnen etter Johannes, så går både Jon Ådnøy og Harald Eintveit over i pensjonistane sine rekkjer. Takk for godt samarbeid og teneste i Vindafjord! For gode minner og gode preiker. For å vera i folk sine gleder og sorger.

Nå er det Kristian Kyllingstad og Tsegayesus Hurisa Hunde som tar over. Ta vel imot dei. Mange er spente på å møta dei nye sokneprestane, som har annan bakgrunn enn dei som sluttar. Slik er det alltid – og vi er spente på å høyra dei tala, samarbeida i kyrkjelydane sitt virke og å møta dei i ulike delar av livet vårt. Velkommen skal de vera til Vindafjord.

Til hausten er det val til sokneråd og bispedømmeråd. Måtte det vera mange som seier JA når dei får spørsmålet om å ta opp stafettpinnen og stilla seg til disposisjon for leiar- og rådsoppgåver i vår lokale kyrkje. Men først av alt. Det er tid for å ynskja deg ei fin adventstid og ei velsigna julehøgtid der vi feirer at Jesus, Guds son kom til jorda. Så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha eit evig liv.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post54

Færre gudstenester i kyrkjene !

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland to., mars 07, 2019 10:28:13

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 5 - 2018. Les heile bladet her.

Tusen takk til dei som har sendt eit bidrag til Hyrdingen på VIPPS eller bankgiro. Derfor kan vi gje ut 6 nr også i år.

Kyrkjene merkar også nedskjeringar med færre gudstenester i nokre av kyrkjene. I Vikebygd er reduksjonen 35%.

Vil reduksjonen gjera at folk blir mindre vane med at søndagen er gudstenestedag? Kan det kan få utslag på frammøtet også i resterande gudstenester? Skjold, Vats og Vikebygd må i endå større grad kan tenkja saman om korleis folket her kan møtast på tvers av bygdegrensene. G17 gudstenester i Skjold vert felles for desse tre sokna.

Kyrkjelydane må engasjera seg i å skapa møteplassar og fellesskap som inkluderer. Slik at dei som kjem frå nabobygda til gudsteneste ikkje kjenner seg som gjester, men som ein del av fellesskapet.

Vi har som kyrkjelyd eit ansvar for at guds ord vert ført vidare til neste generasjon. Før var søndagsskulen på plass i bedehusa. Slik er det ikkje alle stader nå. Andre former for barne- og ungdomsarbeid tek over. Nå må de ikkje trøytna, de som står i arbeidet. Foreldre og naboar, støtt opp om dei som er aktive i trusopplæringa. Spør om det er noko du kan hjelpa dei med.

Eit år vi laga vi til ein adventsfest for familiane i søndagsskulen og spurte om nokre foreldre kunne hjelpa til med mat. Responsen var god, og ei mor sa:

-Dokke treng ikkje tenkja på å vaska etterpå, for det kan eg ta meg av.

Då er det godt å vera med i arbeidet. Tusen takk!



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post53

Varsku her!

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland to., mars 07, 2019 10:24:36

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 4 - 2018. Les heile bladet her.

«En sommer er over, men vi skal sees igjen til neste år», song Kirsti Sparboe i 1972. Sommaren vi har bak oss i år var fantastisk flott for alle som ikkje skulle dyrka noko på åkeren. Både born og vaksne kunne gle seg i strandkanten, bada og ha det kjekt. Men vi ventar ikkje til neste år med å møtast. Nå er aktiviteten i kyrkjer og bedehus i full gong igjen. Trusopplæring er stikkordet og kateketen skriv litt om dette på side 7 og kunngjeringane fyller opp fleire sider bakarst i Hyrdingen.

Takk for mange gode tilbakemeldingar på kyrkjebladet, som kjem ut til alle husstandar seks gonger i året. Utfordringa vår nå er at det dei siste åra både har vore auke i kostnadane og nedgang i dei som betaler bladpengar.

Då kan vi ikkje anna enn å ropa eit «varsku her.» Ynskjer du at Hyrdingen skal halda fram å koma ut tre gonger om våren og tre gonger om hausten med informasjon om det som rører seg i kyrkjelyden, ja, då vonar vi du har høve til å bidra med eit lite beløp til dekking av kostnadane. Sjå nederst side 3.

Hyrdingen treng også fleire til å vera med i redaksjonskomiteen. Er det noko du kan tenkja deg å vera med på? Då kan du ta kontakt med redaktøren på telefon eller e-post.

I løpet av vinteren skal to nye prestar finna seg ein plass i kyrkjene våre. I Vindafjord er dermed alle sokneprestane skifta ut gjennom få år. Arbeidet i sokna er likevel mest avhengig av mange frivillige som stiller opp både innan barne- og ungdomsarbeid, i misjonsforeiningar og med praktiske oppgåver.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post52

Takk for tenesta du utfører!

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland to., mars 07, 2019 10:21:40

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 3 - 2018. Les heile bladet her.

Det er mange som gjer eit flott arbeid gjennom kyrkjer, bedehus, lag og foreiningar i Vindafjord. Takk for tenesta du utfører!

Så er det sommar, med litt andre tilbod: Leirar på Brandøy og Stemnestaden; Storsamling i Ølen; Stemnedag på Vikestølen; Misjonsstemne på Brandøy i august; fleire Basarar der flittige hender har strikka og laga flotte ting. Jo, her er mange spennande ting som skjer også i sommarmånadane.

Og kyrkja i Vindafjord tilbyr gudsteneste kvar helg. På side 10 kan du sjekka kva for ei kyrkje det er i. Vi kan ha godt av å ta ein tur til ei av kyrkjene i nabobydene på søndagar også. Du er like velkommen her, som i ”di eiga kyrkje”. Vi treng å koma saman, litt tettare.

Som når ein rakar saman dei svarte kola i peisen eller leirbålet. Får dei inn i varmen. Då gløder dei igjen og byrjar å avgje varme.

Om sommaren er gudstenestene til ulike klokkeslett og stader, så sjekk i Hyrdingen, -eller på internett der kyrkjene i Vindafjord legg ut oppdatert program og informasjon, på: vindafjord.kyrkjer.no

Det hender dei som står i bresjen for barne- og ungdomsarbeidet trøytnar. Treng støtte og kanskje avløysing. Kan du tenkja deg å hjelpa til i søndagsskulen eller anna barne- og ungdomsarbeid. Ta kontakt med kateketen eller dei som er aktive i arbeidet og spør: Treng du hjelp?

Vi ynskjer deg god sommar.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post51

Hyrdingen 60 år i 2018

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland to., mars 07, 2019 10:16:23

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 2 - 2018. Les heile bladet her.

Vi feirar at det nå er 60. årgangen av kyrkjebladet. På side 6 kan du lesa historia om bladet som har følgd med i skiftingane i kommunegrenser og kyrkjelege inndelingar. Derfor høvde det å ta med ei faksimile av påskeutgåva frå 1970 der biskop Dagfinn Hauge skriv om «Siger over sorg». Vi henta også teksten om Påske (på side 10) frå same utgåva.

Så skal vi i desse dagane få gle oss over fri og tid for familie og kvarandre, og for nokre så blir det hyttetur og skigåing. Andre held seg heime. Det blir alltid mange gudstenester i påska. Vi oppfordrar deg til å oppsøkja desse samlingane, om du er heime eller kanskje på den staden du reiser til.

Eit ord vi ofte høyrer er at: «Nå skal vi kopla av». Men Påska handlar også om å få «kopla til.» Oppretta kontakten med Gud og Jesus gjennom bibelen og samvære om hans ord. Ta tid til å tenkja gjennom litt av det som påske betyr i vår kristne tradisjon. Om vår Far i Himmelen som elska oss så høgt at han sende sonen sin for å ordna opp på våre vegne. For at vi skulle verta frelste. Eller som det står i profeten Jesaja, kap. 53:

- Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte.

Barne og ungdomsarbeidet i bygdene våre er viktig for å fortelja dette vidare til nye generasjonar. Det gjev oss von. Noko godt å sjå fram til.

Eg vil ynskja deg God Påske.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post50

Sola skal ikkje skada deg

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:28:41
Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 1 - 2018. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

«Sola har snudd,» er eit uttrykk når dagane blir lengre og igjen varmar i bakkane. Vi kan sjå fram mot vår og sommar. Noko å gle oss til.

I Bibelen, salme 121 står å lesa:

«Sola skal ikkje skada deg om dagen, heller ikkje månen om natta. Herren skal vara deg frå alt vondt. Han skal verna om ditt liv. Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.»

Slik lovar Gud å ta hand om oss; dette kan vera godt å ta med på vegen din vidare og det må vi minna kvarandre på. Å komma seg ut i naturen, kjenna varmen av sola mot andletet gjer oss godt. I Vindafjord ligg forholda godt til rette for friluftsliv. Takk til alle dei som legg til rette turstiar i skog og fjell. Bruk desse tilboda.

Å komma seg ut i Guds skaparverk gjev oss også betre helse og humør. Tek du i tillegg trua på Gud med deg på turane, så har han lova å vara deg frå alt vondt.

Ha eit godt år.

60-åringen
I 2018 er Hyrdingen i sin 60. årgang, sjølv om kyrkjesokna den har dekka og formatet har endra seg. Vi vil i seinare utgåve presentera litt av historia til kyrkjebladet vårt.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post49

Ein son er oss gjeven

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:21:39
Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 6 - 2017. Les heile bladet her.
av Hanne Haraldseide Brekke.

Nå er vi midt i den travle førjulstida. Det er lett å la seg uroa over morgondagen. Korleis skal vi få kabalen til å gå opp? Korleis skal vi løysa morgondagens utfordringar? Kva skal vi gje i gåver? Kva vil det nye året bringa?

Det er så mykje å ordna, så mykje å forbereda, så mange forventingar å leva opp til. Vi førebur ein fest, eit kongeleg fødselsdagsselskap. Den gode nyheita er at bursdagsbarnet ikkje ber om fantastiske gåver, sju sortar kaker eller eit støvfritt hus. Han tek gjerne ein låvefest blant dyr og halm.

Vi må gje oss sjølv litt slakk. Ikkje legg lista så høgt. Og bry deg ikkje om kva naboen synes.

Ta ein pust i bakken, ein kopp og fem minutt. Smil til dama i kassen, og møt blikket til dama med koppen utanfor butikken. La førjulstida bli ei tid for å spreia glede. I tillegg er bursdagsbarnet vi skal feira meir opptatt av å gje, enn å få. Jesus vil gje oss eit nytt liv, vera ein trufast følgjesvein til vår siste dag. Vi kan strekke to tomme hender fram mot bursdagsbarnet.

Gåva kjem til oss denne dagen.

«For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.» Jesaja 9,6.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post48

Dei går ikkje i hi, som bjørnen

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:16:07
Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 5 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Kyrkjebladet Hyrdingen har ein tradisjon gjennom snart 60 år, medan distriktet ein har dekka har skift. Bak kyrkjebladet står dei seks sokneråda i Vindafjord, som representantar for åtte kyrkjelydar. Redaksjonen har likevel «levd sitt eige liv», utpeikt av sokna. I oktober blir representantar for sokneråda kalla saman til eit årsmøte der nye vedtekter og formalisering av eigarskap står på dagsordenen. Det er naudsynleg i dag i forhold til både økonomi og juridiske forhold å ha dette på plass.

Motsett av bjørnen

Om sommaren stilnar aktiviteten av i kyrkjer og bedehus. Aktive arbeidarar får litt ferie og kvile. Nå er hausten her og snart vinter. Då livnar dei til igjen, noko kunngjeringane i dette nummeret tydeleg viser. Barne- og ungdomsarbeidet, kor og foreiningar, sokneråd og predikantar skaper liv, glede og gode tilbod i bygdene våre. Kyrkjetunet satsar med tilsett medarbeidar. På Brandøy er leirar gjennom heile vekene, ungdomsklubb i Vikedal og venneklubb i Vikebygd, Feedback i Skjold, søndagsskular, kor og speidarar inngår også i trusopplæringsarbeidet, medan andre samlar saman brukte klede i sekker som skal til Ukraina.

Dei søv ikkje om vinteren, slik Bjørnen gjer. Då er her liv, noko som også biskop Ivar Braut skal få sjå nå han vitjar Vats, Skjold og Vikebygd i november. Lukke til med arbeidet i alle bygdene.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post47

Det store valet

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:09:38
Redaksjonspennen er henta frå Hyrdingen nr. 4 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Så er det ennå ein gong val i Noreg, der folk og parti kjempar om plass i Stortinget, vårt lovgjevande organ. Det er viktig å delta i dei demokratiske prosessane i samfunnet, også fordi det handlar om verdiar i våre liv.

Gud ga oss si lov. Dei 10 boda er stabbesteinar som skal hjelpa oss menneske på rett veg i liv og i samfunn, både i forhold til nesten vår og i forhold til Gud.

1 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.

2 Du skal ikkje misbruke Guds namn.

3 Du skal halde kviledagen heilag.

4 Du skal ære far din og mor di.

5 Du skal ikkje slå i hel.

6 Du skal ikkje bryte ekteskapet.

7 Du skal ikkje stele.

8 Du skal ikkje tale usant om nesten din.

9 Du skal ikkje trå etter eigedomen til nesten din.

10 Du skal ikkje trå etter ektefellen til nesten din, eller arbeidsfolka hans eller andre som høyrer til hjå han.

Det hender vi gjer feil, sjølv om desse stabbesteinane står der. Då skal du vita at det rette er å be om tilgjeving, hos Gud og hos den du har gjort gale imot. Og det rette er å tilgje den som har gjort gale imot deg. Det står skreve i Matteus’ ev. 6,14-15:

«For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk. Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.»



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post46
Neste »