Å møta det vonde med det gode
RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., oktober 22, 2016 20:34:27Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 4, 1. september 2016
Denne sommaren har vore prega av nyhetsmeldingar om terror fleire stader i Europa. Det er vanskeleg, ja, umogeleg for oss å forstå at menneskje kan gjera så mykje vondt mot uskuldige, mange av offera er endå til born. Mange har gjort terror i namnet på ein gud og ei gudstru.
I kyrkjene våre så er det ei anna lære vi forkynner. Om ein Gud som ber oss venda det andre kinnet til om nokon slår oss. Om Jesus som i Bergpreika sa (Matt.ev. kap.5):
- Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.
Det er vanskeleg å tenkja slik når vold og terror vert retta mot born og uskuldige. Likevel skal vi ikkje la hatet fylla oss, men halda fram med å gjera godt mot dei vi møter, og minna kvarandre på at vår Gud seier i sitt ord til oss: - Du skal elska nesten din som deg sjølv.
La oss møta det vonde med det gode, så skal det gode sigra.
- Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post40