Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Valet

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland ti., februar 02, 2016 16:16:53

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 4, august/september 2015.

av Steinar Skartland, redaktør

Eg ser på eit gamalt bilete. Ei gruppe godt vaksne menn i dress, kvit skjorte og slips. Dei er på jordskifte i bygda. Synfaring på jorde eller skogeigedom. Å bli spurd eller utvald til eit tillitsverv var ei ære, tidlegare. Ein kledde seg opp i respekt for tenesta ein var utvald til. Dei kjende seg viktige i rolla, sjølv utan høg utdanning og løn. Skulle få delta i styre og stell.

Denne gongen handlar mykje om val til sokneråd og bispedømmeråd. Det har vorte vanskelegare å få folk til å stilla seg til disposisjon for val nå. Fleire sokneråd må stille lister med færre namn enn det er krav til. Folk gjer sine val – og vel bort tillitsvervet dei blir spurde om å ta på seg. Men det er viktig å ha nokon som seier ja! Tusen takk til deg som vel å delta og ta ansvar i kyrkjelyden i di bygd. Det er ei viktig teneste du går til. Den gjer at born får trusopplæring og kyrkjedørene er opne for folk i helg og kvardag, glede eller i sorg. I kyrkjevalet kan ein delta alt frå fylte 15 år, så still opp på valdagen!

Som menneske står vi overfor mange val i livet. Nokon ber om hjelp, andre flyktar frå krig og forfylging og ber om vern og husrom, kva vel vi å svara?

Bibelen talar også om eit val. Om å seia ja til gåva Gud vil gje oss gratis: frelse i Jesu namn, eller å velja bort dette. Bibelen forkynner at Gud er glad i oss: «For så høgt elska Gud verda….». Det handlar om tru, men vi må gjera våre val.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post34