Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Ta vare på fridommen. 70 år med fred.

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland fr., juni 05, 2015 19:55:54

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 3, den 4. juni 2015.

Av Steinar Skartland

Denne våren har vi feira 70 år med fridom for landet vårt. Ein fridom vi ikkje fekk utan kamp. På nasjonaldagen har vi også markert grunnlova vår. Den er på mange måtar fundamentet for fridomen. Men viktigast av alt er at det som er sentralt i feiringa den 17. mai, det er borna. Dei er framtida. Dei skal få veksa opp i det landet som vi byggjer. Både når det gjeld tankesett, korleis vi løyser utfordringar og korleis vi vel å ordleggja oss.

På nasjonaldagen syng vi: «Får Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.» Gjennom tusen år har bibelen vore eit grunnlag og ei inspirasjonskjelde for dei som har bygd opp landet vårt. Rettesnorene i dei 10 boda er eit godt grunnlag å formidla til borna våre, t.d.: Du skal heidra far din og mor di, Du skal ikkje stela, Du skal ikkje slå ihel, osv. Vi treng gode levereglar, eller ei grunnlov for livet vårt. Å halda desse ideala høgt er å la Gud vera bygningsmann.

Aldri meir krig, sa dei. I vårt land har vi klart å leva i fred, men ute i verda er det mange krigar. Også i form av terror. La oss ikkje falla i freistinga for å hemna, men å halda fast i dei gode ideala. La rettssystem få virka og politiet gjera sin jobb. Tala vel om kvarandre og ikkje minst: Lat oss halda fram med å feira nasjonaldagen med tog, jubel, leiker og med å setja borna i sentrum for dagen. Dei er framtida vår.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post33