Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Kjærleiken til medmenneska

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland ma., november 10, 2014 09:27:15
Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 4, den 4. september 2014.

Det er ufred i verda. Kva er det som får tusenvis av unge menneske til å gå inn i krigshandlingar med mål å skremma andre til å meina det same som dei sjølve? Stadig fleire land og folkegrupper opplever at denne uforståelege vondskapen også råkar dei. Millionar av menneske ser inga anna råd enn å flykta frå alt dei har, for å berga livet.

Her heime i vårt trygge Noreg kan vi velja å slå over på ein annan kanal på fjernsynet når nyhetsmeldingane kjem frå dei krigsherja landa. Vi kan velja mellom sport eller filmar som høver oss betre. Men dei det gjeld kan ikkje skifta kanal. Høyrer du ropa deira om hjelp?

Ei overskrift framme på avisa seier: «50.000 kan dø av sult i Sør-Sudan». På TV ser eg våre kjende politikarar viser fram at ketchup er dyrare i Noreg enn i Sverige. Kva er det som er viktig? Vi lever ikkje på ei isolert øy der vi kan stengja ute det vi ikkje likar. Vi har ressursar både til å bry oss om dei som er i vårt land, men også å bry oss om dei som treng hjelp andre stader. Nesten min, som Jesus tala om, er ikkje berre i nabohuset.

Sentralt i kristendommen er kjærleiken til medmenneska. «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier,» siterer eg frå Jesus si Bergpreike. Ta fram Bibelen og les denne talen som står i Matteus’ ev. kap. 5-7. Her er også oppmodinga: «Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.» Ein annan måte å møta livet på.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post28