Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Jul i eit framandt land

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland sø., desember 29, 2013 22:04:37

Redaksjonspennen, av Steinar Skartland.

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 6, den 12. desember 2013.

I mi ungdomstid kom det slektningar på besøk frå USA. Dei hadde ikkje vore i Gamlelandet på 60 år. Korleis hadde det vore å reisa frå familie i Noreg i unge år og feira jul langt borte? ”-Det hende julegrauten var salta med tårer,” fortalde dei. Lengselen etter dei der heime, som var så langt borte.

Årleg er det mange som går jula i møte her i Noreg mens tankane går til tradisjonar og familie i landet dei kjem ifrå. Det kan nok vera eit stort sakn, sjølv om dei fleste nå kan reisa enklare enn dei som utvandra til Amerika frå våre bygder. Med fly kjem vi langt på nokre timar. Mange av dei er vane med å feira den kristne jula i heimlandet sitt. Med seg har dei andre tradisjonar og skikkar enn vi er vane med. Anna slags julemat også. Julesongar på andre språk. Då er det flott at vi kan få oppleva og dela noko av dette. Det er spennande. I Vats kyrkja samlast dei til fleirspråkleg julesong 18. desember.

Men det er ikkje alle som kan reisa heim til jul. Til landet vårt har mange også kome frå krig og forfylging. Det er ikkje fred på jord denne jula heller. Nyheitene fortel om 5000 flyktningar som har fått godkjent opphaldsløyve i Noreg, men som framleis må bu i mottak. Ingen kommunar vil ta i mot dei. Juleevangeliet minner oss både om eit herberge som det ikkje var ledige rom i og om to unge foreldre som måtte røma for livet med den vesle guten sin. Er det slik i dag og? Kanskje vi kan dela litt av vår og deira julefeiring med kvarandre?

Eg ynskjer deg ei
Velsigna julehøgtid

  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post23