Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Frivilligheit - er det ditt val?

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., september 14, 2013 12:27:18
Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 4, den 6. september 2013.


Livet i kyrkjelydane er ofte avhengig av einskildmenneske. Entusiastar som står på. Brukar fritida si for noko dei har tru på eller som dei sjølv opplever stor glede ved å halda på med. Søndagsskulearbeid, misjonsforeiningar, speidaren, kor og klubb er berre litt av det som flotte menneske i Vindafjord held på med. Ofte dei same du også finn i musikkorps, fotball, friidrett, 4H eller pensjonistforeining. Samfunnet kunne ikkje greidd seg utan frivillighet og entusiastar. Førebyggjande arbeid som er med og sikrar at born, ungdom og eldre har positive tilbod.

Mykje av dette stilna av når våren gjekk mot sommar. Og kanhende er det leiarar som nå ser tungt på det å komma i gong igjen. Dei har halde på i mange år og gjort ein fantastisk jobb. Dei vil gjerne halda fram, men treng til fornying og hjelp. Nokon som kan hjelpa med det praktiske?

Kanskje nettopp du er den som nå skal stilla deg til disposisjon? Vera med litt og dela på ansvaret? Ta mot til deg og tilby di hjelp. Det er ei stor og viktig oppgåve kyrkja vår har med å føra vår kristne arv og bodskap vidare til nye generasjonar. Her kan du bety ein skilnad. Du kan få vera med i arbeidet, bety noko for andre.

Det er ditt val.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post21