Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Skal vi ha fri nå igjen?

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:04:25
Redaksjonspennen henta frå Hyrdingen nr 3 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Dei fleste veit nok at den kristne kyrkja feirar jul til minne om at Jesus vart fødd. Ikkje alle har fått med seg at vi feirar påske til minne om at Jesus tok straffa for alt det gale vi menneske har gjort, då han døydde på krossen, sigra over døden og stod opp igjen. Men kvifor feirar vi Pinse?

Pinse er den tredje store høgtida i den kristne kyrkja og vert alltid feira 50 dagar etter påske. Pinsa markerer at Gud sende talsmann sin til jorda: Den Heilage Anden. Peter og dei andre disiplane var både redde og umotiverte etter at Jesus hadde forlete dei og reist tilbake til himmelen. Men då Den Heilage Anden kom, fekk dei ny kraft. Den første kyrkjelyden blei danna i Jerusalem og herifrå har evangeliet spreidd seg til heile verda. Den Heilage Anden er Guds ånd – den tredje personen i guddommen.

I dåpen får vi menneske Den Heilage Anden. Når presten har døypt barnet, seier han: «Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd».

Så feirar vi pinse med helg, høgtid og fri, - og takkar for Guds gåve.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post45

Ei tid for årsmøte

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 16:58:03
Redaksjonspennen i Hyrdingen nr 2 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Årsmeldingar er presenterte i seks årsmøte i kyrkjene våre. Dei vitnar om eit stort og omfattande arbeid som sokneråda, tilsette og frivillige har leia. Trusopplæringsarbeidet har gjort det livlegare i kyrkjene. Familiegudstenester og skattekister høyrer med om frammøtet skal vera godt. Nokre kyrkjer kan syna auke i frammøtet, andre tilbakegang eller stabilt. Du kan lesa alle årsmeldingane på:

www.hyrdingen.no

Kyrkja på eigne bein

Frå nyttår av vart kyrkja sjølvstendig, men kostnadane med å vedlikehalda og drifta desse vakre bygga våre, skal finansierast av stat og kommune. Alle som betaler skatt, bidrar i fellesskap. Midlane vert fordelt til alle trussamfunn etter medlemstalet, ikkje berre til kyrkja. Fellesrådet var nyss på synfaring ved alle våre åtte kyrkjer. Vindafjord kommune har sett trongen for å ta eit ansvar for å sikra kyrkjebygg og kyrkjegardar med ein ekstra million til vedlikehald i seinare år. Nå er det ny veg og parkeringsplass ved Ølen kyrkjegard som står for tur, og arbeidet startar snart opp.

Kyrkjebygga er viktige kulturbygg som mange har eit forhold til. Men døra er så altfor ofte stengd. Kan vi klara å løfta meir aktivitet inn i kyrkja enn berre gudstenester? Konsertar og kulturarrangement som ikkje strid mot kyrkjebygget sitt føremål? Korøvingar, aktivitetar for born, ungdomsarbeid? Skjold kyrkje er den nyaste kyrkja. Her skjer det noko mest kvar dag, i rom som er eigna for mange ulike tiltak. Slik bør vi prøva å få det til også andre stader – tilpassa bygget sine eigenskapar. La det bli ein vane å gå til kyrkja – også utanom gudstenester, bryllaup og gravferd.

Vi har så lett for å fokusera på dei som melder seg ut. Ved kvar barnedåp er det foreldre som melder borna sine inn i kyrkja. Prosent-talet medlemmer i vår kyrkje er nok lågare nå enn på 70-80 talet, men medlemstalet har ikkje endra seg stort. Sidan eg gjekk på skulen har folketalet auka med 25%. Mange innvandrar tilhøyrer andre kristne kyrkjer eller andre religionar. Pr 31.12.2016 var det 3.750.705 registrerte medlemmer i Den norske Kyrkja, ikkje så ulik medlemstalet på 70-talet. Eg vel å sjå det positive i dette: 32.542 vart innmeld gjennom dåp i fjor. Likevel – kyrkja må tilpassa seg den nye tida.







  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post44

Jubileumsår for Luther i kyrkja

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 16:49:05
Redaksjonspennen henta frå Hyrdingen nr 1 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Året 2017 er eit jubileumsår for den Lutherske kyrkja vår. Det er 500 år sidan Luther hengde opp sine 95 teser på kyrkjedøra i Wittenberg i 1517. Dette var utgangspunktet for ein reformasjon som har leia fram til den kyrkja vi er kjend med her i bygdene våre. Samstundes er året 2017 også eit vegskilje, der vår Lutherske

kyrkje ikkje lenger er ei statskyrkje. Nå skal den stå på eigne bein og den lutherske historia vert markert på fleire måtar gjennom året.

Det har vel alltid vore diskusjonar om korleis kyrkja skal vera og styrast. Også i dag opplever vi sterke meiningar frå mange hald. Val til Bispedømmeråd og kyrkjemøte er område vi har opplevd spenningar, og som gjer seg utslag i ynskje om å endra reglane for lister og val.

Men det er ikkje rett å samanlikna styringa av kyrkja med politisk styring der det er ulike parti. Om vi har ulike meiningar må vi likevel ha som mål og ramme at vi skal kunna vera saman i ei kyrkje med takhøgd og breidde. Der Guds ord står sterkare enn menneske sine meiningar om ulike stridsspørsmål. Eg vonar at kyrkja kan haldast samla som ei folkekyrkje i åra som kjem, også om det skal vera skilje mellom kyrkje og stat.

Kari Vik Stuhaug er tilsett som ny sokneprest i Ølen og Bjoa frå 1. mars. Vi ynskjer henne velkommen i denne tenesta og ser fram til høgtideleg innsetjing.

Vi ynskjer alle i sokna våre eit godt år



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post43

Ein norsk juletradisjon

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 16:42:19
Redaksjonspennen i Hyrdingen nr 6 - 2016. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Det er adventstid – ei førebuingstid til feiringa av Jesu fødsel. Frelsaren som er grunnlaget for vår kristne kyrkje og mange av våre tradisjonar, også i språk og tenkjemåte.

Gjennom lange tider har det vore tradisjon at skulane deltek på ei gudsteneste før jul. Vi er glade for at denne tradisjonen vert halden i hevd ved dei fleste skulane her hos oss. Kvifor feirar vi jul? Det er ikkje for handelsstanden med kjøpepress, eller for å eta oss runde og gode. I over 1000 år har kristendommen, trua på Jesus som vår frelsar og forsonar, prega folk og tradisjonar. Det er difor heilt naturleg at denne tradisjonen vert ført vidare til nye generasjonar og at borna får læra om kyrkja sin plass i dette biletet, gjennom å delta på julegudstenesta.

Men det er krefter i samfunnet vårt som ynskjer å endra tradisjonane. Skal vi ikkje lengre få lov til å fortelja dette til borna? Skal alt gjerast nøytralt? Det er ikkje dei som kjem frå andre land til oss, som ynskjer å endra dette. Kva er vi redde for?

Eg er glad for at kyrkja har fått midlar til å driva trusopplæring. Det er ei viktig oppgåve å læra borna om kvifor vi feirar jula og dei andre høgtidene. I dette biletet finn vi også søndagsskulearbeid, tripp trapp, speidar, konfirmantarbeid, barne- og ungdomskor, juletrefestar og mykje anna aktivitet i bedehus og kyrkje.

Eit arbeid som i stor grad byggjer på frivillige medarbeidarar som brukar fritida si for det dei trur på.

Me ynskjer dykk alle ei god og velsigna julehøgtid, og eit godt nytt år.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post42

Nye kjem med i oppgåvene

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., oktober 22, 2016 20:43:27

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 5, 20. oktober 2016

Hausten representerer ei endring på mange måtar. Trea og naturen skifter farge, dagane blir kortare, men i kyrkjer og bedehus blømer det som best nå. Trusopplæringsarbeidet er i full gong att og folk samlast på bedehusa.

Nye kjem med i oppgåvene og vi presenterer litt av dette i kyrkjebladet denne gongen. Lokalt har Lillian Sønstabø Johanssen teke over som trusopplærar i fleire bygder. Vi ynskjer henne velkommen i tenesta.

I november skal det tilsetjast ny sokneprest for Ølen og Bjoa. Det er fleire søkjarar så dette blir spennande. Takk Johannes, for mange år i ei god og aktiv teneste hos oss. Så skal Stavanger Bispedømme få ny biskop. Erling Pettersen legg ei av sine avskjedsgudstenester til Haugesund 2. des. Ei takk også for denne tenesta.

Om leiarar skifter, så er den lokale innsatsen viktig. Det kvar og ein gjer i si bygd er med og ber ordet om Frelsaren vidare til nye generasjonar. Ei særleg takk til deg som står i dette arbeidet.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post41

Å møta det vonde med det gode

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., oktober 22, 2016 20:34:27

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 4, 1. september 2016

Denne sommaren har vore prega av nyhetsmeldingar om terror fleire stader i Europa. Det er vanskeleg, ja, umogeleg for oss å forstå at menneskje kan gjera så mykje vondt mot uskuldige, mange av offera er endå til born. Mange har gjort terror i namnet på ein gud og ei gudstru.

I kyrkjene våre så er det ei anna lære vi forkynner. Om ein Gud som ber oss venda det andre kinnet til om nokon slår oss. Om Jesus som i Bergpreika sa (Matt.ev. kap.5):

- Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.

Det er vanskeleg å tenkja slik når vold og terror vert retta mot born og uskuldige. Likevel skal vi ikkje la hatet fylla oss, men halda fram med å gjera godt mot dei vi møter, og minna kvarandre på at vår Gud seier i sitt ord til oss: - Du skal elska nesten din som deg sjølv.

La oss møta det vonde med det gode, så skal det gode sigra.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post40

Kyrkja sin fødselsdag

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland lø., oktober 22, 2016 20:27:22
Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 3, 2. juni 2016.

Pinsen er nettopp forbi. Ei av dei viktige kristne høgtidene som også vert kalla «Kyrkja sin fødselsdag». Festen som markerer at den Heilage Anden vart sendt til disiplane. Det er ikkje så mange som tenkjer over kva dette betyr lengre, noko fleire innslag og intervju i media syner. Derfor er trusopplæringa som kyrkja har sett i gong så viktig, for å dela kunnskapen om den kristne tru og tradisjon.

Til hausten startar sokneråd og bedehusa i Skjold og Vikebygd opp «Alpha», ein serie med tankevekkjande, interaktive samlingar for å hjelpa deltakarane til å oppdaga kva den kristne trua handlar om. Eit spennande opplegg med samlingar annankvar onsdag – for alle som er nyskjerrige og har lyst til å snakka saman med andre om tema som har med tru å gjera. Les meir om dette inne i Hyrdingen (side 6).

Vi har fått mange nye landsmenn, nokre med ei anna tru enn vår eiga. Nokre stader opplever kyrkja auka frammøte når det i skulen eller lokalsamfunnet kjem tilflyttarar som praktiserer sin religion med bøn og tru. Også dei lokale norske tek til å tenkja over: Kva trur eg på? Fleire stader har dei slik opplevd at unge har auka frammøtet i kyrkja.

I alle kyrkjene våre har det vore konfirmasjon nå med mange unge i kvite kappar. Vi er takksame for at kyrkjelydane våre får dette høvet til å gi ungdommane kunnskap om den kristne trua når dei skal inn i det vaksne livet. Vi ynskjer dei alt vel og ber om at den Heilage Ande må vera med dei gjennom livet og hjelpa dei til tru.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post39

Sjå, eg gjer noko nytt!

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland ma., mars 14, 2016 21:55:33

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 2, 17. mars 2016.

av Hanne H. Brekke (redaksjonsnemnda)

Våren kjem oss i møte nå. Underfulle er Herrens gjerningar. Det er fascinerande å sjå at nytt liv spirar fram, år etter år. Gleda over å sjå at det grønkast i li er like stor, år etter år. Vinteren har vore over oss med sin kulde og sitt mørke. Men våren kjem.

Når du ser rundt deg, kjenner du på optimisme eller pessimisme?

Gud er alltid noko meir og noko større enn det vi trur. Gud kan fortsatt overraska oss. Den heilage ande lever i og rundt oss. Den verkar i oss med si kraft. Dette betyr at Gud skaper, også i dag. At nye ting veks fram.

Det er ikkje det vi alltid har gjort, som nødvendigvis skal gjerast i dei dagane som ligge føre. Dette er det ikkje like lett å sjå, ta inn over seg, og forstå. Faktum er likevel at vi som einskildmenneske kan fremma endring og vekst, eller stå i vegen for endring og vekst.

I Jesaja 43, 19 står det:
«Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje?»
Desse orda skal få utfordra oss, samstundes som vi skal vi få kvila i dei. Vi skal få så og vatna, så skal vi få legge veksten over i Gud sine hender. I byrjinga kan det vere vanskeleg å sjå at det faktisk er noko nytt som spirar fram.

Kan hende det spirar rundt føtene dine?
Kan hende spira ligg under føtene dine?
Kan hende du vil sjå det om du tar eit skritt til sida.

Våren er her og vitnar om nytt liv og nytt håp.
Gud søv ikkje.







  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post38

Kyrkja vår i 2016

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland ti., februar 02, 2016 16:38:13

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 1, 28. januar 2016.

av Steinar Skartland, redaktør

Eit nytt år har teke til. Etter planen skal folket Vindafjord i dette året ta stilling til om kommunen skal halda fram som før eller slå seg saman med andre. Dette er eit spørsmål som også vedkjem kyrkjene som er organisert i fellesrådsområde innanfor kvar kommune. Også prosti og bispedømme kan verta justerte ved større endringar, m.a. dersom to kommunar som ligg i kvart sitt prosti går saman.

Biskopen må, grunna strammare økonomi, redusera på gudstenestetalet i Ølen sokn frå 3 til 2 gudstenester i månaden. Om dette vil redusera det totale frammøtet gjennom året, er ikkje sikkert. Dersom folk kjem dei to søndagane og ikkje deler seg på tre, kan det kanskje bli fleire samla når kyrkjeklokka ringer?

Det er mykje flott arbeid i kyrkjer og bedehus, men med åtte kyrkjer i kommunen vår så er det nok i fleire bygder ei utfordring både med frammøtetalet og med økonomien. Difor er vi svært takksame for at Vindafjord kommune har stilt opp og bidreg gjennom budsjettet med midlar til vedlikehald og drift. I år er det kyrkjegarden i Ølen som skal få ny veg, parkeringsplass og utviding. I andre bygder er det flott innsats for å byggja kyrkjelydshus.

Folk er glade i kyrkja, det er noko vi m.a. ser på julaftan då det mange stader var trongt i kyrkjebenkene på gudstenesta. Tradisjonen med å starta julefeiringa med ei familiegudsteneste står sterkt. Vikebygd er ei av bygdane der dette er ei musikalsk gudsteneste. ”Halve bygda” møtte saman med både korps og fleire lokale musikarar. Også godt besøkte julekonsertar viser at jul og kyrkje heng godt saman i folk sin tradisjon.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post37

"Godt nytt kyrkjeår"

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland ti., februar 02, 2016 16:29:06

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 6, desember 2015.

av Steinar Skartland, redaktør

Ja, kyrkjeåret startar ikkje 1. januar, men 1. søndag i advent. Advent betyr komme eller ankomst og er ei førebuingstid for å ta i mot Jesus. Det er to ankomstar det vert fokusert på. Den første er då Jesus kom som eit lite barn. Den andre er når Jesus skal komma igjen for å skapa ei ny jord.

Nå er mange opptekne av å førebu seg på julefeiring. Pakkar, baking, husvask og pynting til advent og jul. Denne jula vil vi ha mange rundt oss som ikkje er i heimlandet sitt. Dei har flykta langt frå krig og vold. Kanskje du kan gle nokre av desse med ein julepresang eller ei helsing. Bli kjend med nye som er langt borte frå sin familie. Ta vel imot dei. Det er det beste utgangspunktet for å skapa fred og vennskap mellom folk.

I dette nummeret presenterer vi teikningar som born i Vindafjord har laga om korleis dei tenkjer seg det var den første jula. «Eit barn er født i Betlehem…» Slik lyder songen. Det skal vi nå feira i kyrkjene, bedehusa og i heimane.

Eg vil også ynskja god jul, godt nytt år og alt godt til dei som har teke i mot verv i sokneråda våre. Du er viktig og bidreg til eit godt lokalsamfunn også gjennom det arbeidet du skal delta i framover.

God jul og Guds signing over det nye året



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post36
« ForrigeNeste »