Redaksjonspennen i Hyrdingen

Sola skal ikkje skada degRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:28:41

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 1 - 2018. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

«Sola har snudd,» er eit uttrykk når dagane blir lengre og igjen varmar i bakkane. Vi kan sjå fram mot vår og sommar. Noko å gle oss til.

I Bibelen, salme 121 står å lesa:

«Sola skal ikkje skada deg om dagen, heller ikkje månen om natta. Herren skal vara deg frå alt vondt. Han skal verna om ditt liv. Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.»

Slik lovar Gud å ta hand om oss; dette kan vera godt å ta med på vegen din vidare og det må vi minna kvarandre på. Å komma seg ut i naturen, kjenna varmen av sola mot andletet gjer oss godt. I Vindafjord ligg forholda godt til rette for friluftsliv. Takk til alle dei som legg til rette turstiar i skog og fjell. Bruk desse tilboda.

Å komma seg ut i Guds skaparverk gjev oss også betre helse og humør. Tek du i tillegg trua på Gud med deg på turane, så har han lova å vara deg frå alt vondt.

Ha eit godt år.

60-åringen
I 2018 er Hyrdingen i sin 60. årgang, sjølv om kyrkjesokna den har dekka og formatet har endra seg. Vi vil i seinare utgåve presentera litt av historia til kyrkjebladet vårt.





Ein son er oss gjevenRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:21:39

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 6 - 2017. Les heile bladet her.
av Hanne Haraldseide Brekke.

Nå er vi midt i den travle førjulstida. Det er lett å la seg uroa over morgondagen. Korleis skal vi få kabalen til å gå opp? Korleis skal vi løysa morgondagens utfordringar? Kva skal vi gje i gåver? Kva vil det nye året bringa?

Det er så mykje å ordna, så mykje å forbereda, så mange forventingar å leva opp til. Vi førebur ein fest, eit kongeleg fødselsdagsselskap. Den gode nyheita er at bursdagsbarnet ikkje ber om fantastiske gåver, sju sortar kaker eller eit støvfritt hus. Han tek gjerne ein låvefest blant dyr og halm.

Vi må gje oss sjølv litt slakk. Ikkje legg lista så høgt. Og bry deg ikkje om kva naboen synes.

Ta ein pust i bakken, ein kopp og fem minutt. Smil til dama i kassen, og møt blikket til dama med koppen utanfor butikken. La førjulstida bli ei tid for å spreia glede. I tillegg er bursdagsbarnet vi skal feira meir opptatt av å gje, enn å få. Jesus vil gje oss eit nytt liv, vera ein trufast følgjesvein til vår siste dag. Vi kan strekke to tomme hender fram mot bursdagsbarnet.

Gåva kjem til oss denne dagen.

«For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.» Jesaja 9,6.



Dei går ikkje i hi, som bjørnenRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:16:07

Redaksjonspennen frå Hyrdingen nr. 5 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Kyrkjebladet Hyrdingen har ein tradisjon gjennom snart 60 år, medan distriktet ein har dekka har skift. Bak kyrkjebladet står dei seks sokneråda i Vindafjord, som representantar for åtte kyrkjelydar. Redaksjonen har likevel «levd sitt eige liv», utpeikt av sokna. I oktober blir representantar for sokneråda kalla saman til eit årsmøte der nye vedtekter og formalisering av eigarskap står på dagsordenen. Det er naudsynleg i dag i forhold til både økonomi og juridiske forhold å ha dette på plass.

Motsett av bjørnen

Om sommaren stilnar aktiviteten av i kyrkjer og bedehus. Aktive arbeidarar får litt ferie og kvile. Nå er hausten her og snart vinter. Då livnar dei til igjen, noko kunngjeringane i dette nummeret tydeleg viser. Barne- og ungdomsarbeidet, kor og foreiningar, sokneråd og predikantar skaper liv, glede og gode tilbod i bygdene våre. Kyrkjetunet satsar med tilsett medarbeidar. På Brandøy er leirar gjennom heile vekene, ungdomsklubb i Vikedal og venneklubb i Vikebygd, Feedback i Skjold, søndagsskular, kor og speidarar inngår også i trusopplæringsarbeidet, medan andre samlar saman brukte klede i sekker som skal til Ukraina.

Dei søv ikkje om vinteren, slik Bjørnen gjer. Då er her liv, noko som også biskop Ivar Braut skal få sjå nå han vitjar Vats, Skjold og Vikebygd i november. Lukke til med arbeidet i alle bygdene.



Det store valetRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:09:38

Redaksjonspennen er henta frå Hyrdingen nr. 4 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Så er det ennå ein gong val i Noreg, der folk og parti kjempar om plass i Stortinget, vårt lovgjevande organ. Det er viktig å delta i dei demokratiske prosessane i samfunnet, også fordi det handlar om verdiar i våre liv.

Gud ga oss si lov. Dei 10 boda er stabbesteinar som skal hjelpa oss menneske på rett veg i liv og i samfunn, både i forhold til nesten vår og i forhold til Gud.

1 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.

2 Du skal ikkje misbruke Guds namn.

3 Du skal halde kviledagen heilag.

4 Du skal ære far din og mor di.

5 Du skal ikkje slå i hel.

6 Du skal ikkje bryte ekteskapet.

7 Du skal ikkje stele.

8 Du skal ikkje tale usant om nesten din.

9 Du skal ikkje trå etter eigedomen til nesten din.

10 Du skal ikkje trå etter ektefellen til nesten din, eller arbeidsfolka hans eller andre som høyrer til hjå han.

Det hender vi gjer feil, sjølv om desse stabbesteinane står der. Då skal du vita at det rette er å be om tilgjeving, hos Gud og hos den du har gjort gale imot. Og det rette er å tilgje den som har gjort gale imot deg. Det står skreve i Matteus’ ev. 6,14-15:

«For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk. Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.»



Skal vi ha fri nå igjen?Redaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 17:04:25

Redaksjonspennen henta frå Hyrdingen nr 3 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Dei fleste veit nok at den kristne kyrkja feirar jul til minne om at Jesus vart fødd. Ikkje alle har fått med seg at vi feirar påske til minne om at Jesus tok straffa for alt det gale vi menneske har gjort, då han døydde på krossen, sigra over døden og stod opp igjen. Men kvifor feirar vi Pinse?

Pinse er den tredje store høgtida i den kristne kyrkja og vert alltid feira 50 dagar etter påske. Pinsa markerer at Gud sende talsmann sin til jorda: Den Heilage Anden. Peter og dei andre disiplane var både redde og umotiverte etter at Jesus hadde forlete dei og reist tilbake til himmelen. Men då Den Heilage Anden kom, fekk dei ny kraft. Den første kyrkjelyden blei danna i Jerusalem og herifrå har evangeliet spreidd seg til heile verda. Den Heilage Anden er Guds ånd – den tredje personen i guddommen.

I dåpen får vi menneske Den Heilage Anden. Når presten har døypt barnet, seier han: «Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd».

Så feirar vi pinse med helg, høgtid og fri, - og takkar for Guds gåve.





Ei tid for årsmøteRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 16:58:03

Redaksjonspennen i Hyrdingen nr 2 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Årsmeldingar er presenterte i seks årsmøte i kyrkjene våre. Dei vitnar om eit stort og omfattande arbeid som sokneråda, tilsette og frivillige har leia. Trusopplæringsarbeidet har gjort det livlegare i kyrkjene. Familiegudstenester og skattekister høyrer med om frammøtet skal vera godt. Nokre kyrkjer kan syna auke i frammøtet, andre tilbakegang eller stabilt. Du kan lesa alle årsmeldingane på:

www.hyrdingen.no

Kyrkja på eigne bein

Frå nyttår av vart kyrkja sjølvstendig, men kostnadane med å vedlikehalda og drifta desse vakre bygga våre, skal finansierast av stat og kommune. Alle som betaler skatt, bidrar i fellesskap. Midlane vert fordelt til alle trussamfunn etter medlemstalet, ikkje berre til kyrkja. Fellesrådet var nyss på synfaring ved alle våre åtte kyrkjer. Vindafjord kommune har sett trongen for å ta eit ansvar for å sikra kyrkjebygg og kyrkjegardar med ein ekstra million til vedlikehald i seinare år. Nå er det ny veg og parkeringsplass ved Ølen kyrkjegard som står for tur, og arbeidet startar snart opp.

Kyrkjebygga er viktige kulturbygg som mange har eit forhold til. Men døra er så altfor ofte stengd. Kan vi klara å løfta meir aktivitet inn i kyrkja enn berre gudstenester? Konsertar og kulturarrangement som ikkje strid mot kyrkjebygget sitt føremål? Korøvingar, aktivitetar for born, ungdomsarbeid? Skjold kyrkje er den nyaste kyrkja. Her skjer det noko mest kvar dag, i rom som er eigna for mange ulike tiltak. Slik bør vi prøva å få det til også andre stader – tilpassa bygget sine eigenskapar. La det bli ein vane å gå til kyrkja – også utanom gudstenester, bryllaup og gravferd.

Vi har så lett for å fokusera på dei som melder seg ut. Ved kvar barnedåp er det foreldre som melder borna sine inn i kyrkja. Prosent-talet medlemmer i vår kyrkje er nok lågare nå enn på 70-80 talet, men medlemstalet har ikkje endra seg stort. Sidan eg gjekk på skulen har folketalet auka med 25%. Mange innvandrar tilhøyrer andre kristne kyrkjer eller andre religionar. Pr 31.12.2016 var det 3.750.705 registrerte medlemmer i Den norske Kyrkja, ikkje så ulik medlemstalet på 70-talet. Eg vel å sjå det positive i dette: 32.542 vart innmeld gjennom dåp i fjor. Likevel – kyrkja må tilpassa seg den nye tida.







Jubileumsår for Luther i kyrkjaRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 16:49:05

Redaksjonspennen henta frå Hyrdingen nr 1 - 2017. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Året 2017 er eit jubileumsår for den Lutherske kyrkja vår. Det er 500 år sidan Luther hengde opp sine 95 teser på kyrkjedøra i Wittenberg i 1517. Dette var utgangspunktet for ein reformasjon som har leia fram til den kyrkja vi er kjend med her i bygdene våre. Samstundes er året 2017 også eit vegskilje, der vår Lutherske

kyrkje ikkje lenger er ei statskyrkje. Nå skal den stå på eigne bein og den lutherske historia vert markert på fleire måtar gjennom året.

Det har vel alltid vore diskusjonar om korleis kyrkja skal vera og styrast. Også i dag opplever vi sterke meiningar frå mange hald. Val til Bispedømmeråd og kyrkjemøte er område vi har opplevd spenningar, og som gjer seg utslag i ynskje om å endra reglane for lister og val.

Men det er ikkje rett å samanlikna styringa av kyrkja med politisk styring der det er ulike parti. Om vi har ulike meiningar må vi likevel ha som mål og ramme at vi skal kunna vera saman i ei kyrkje med takhøgd og breidde. Der Guds ord står sterkare enn menneske sine meiningar om ulike stridsspørsmål. Eg vonar at kyrkja kan haldast samla som ei folkekyrkje i åra som kjem, også om det skal vera skilje mellom kyrkje og stat.

Kari Vik Stuhaug er tilsett som ny sokneprest i Ølen og Bjoa frå 1. mars. Vi ynskjer henne velkommen i denne tenesta og ser fram til høgtideleg innsetjing.

Vi ynskjer alle i sokna våre eit godt år



Ein norsk juletradisjonRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., januar 27, 2018 16:42:19

Redaksjonspennen i Hyrdingen nr 6 - 2016. Les heile bladet her.
av Steinar Skartland

Det er adventstid – ei førebuingstid til feiringa av Jesu fødsel. Frelsaren som er grunnlaget for vår kristne kyrkje og mange av våre tradisjonar, også i språk og tenkjemåte.

Gjennom lange tider har det vore tradisjon at skulane deltek på ei gudsteneste før jul. Vi er glade for at denne tradisjonen vert halden i hevd ved dei fleste skulane her hos oss. Kvifor feirar vi jul? Det er ikkje for handelsstanden med kjøpepress, eller for å eta oss runde og gode. I over 1000 år har kristendommen, trua på Jesus som vår frelsar og forsonar, prega folk og tradisjonar. Det er difor heilt naturleg at denne tradisjonen vert ført vidare til nye generasjonar og at borna får læra om kyrkja sin plass i dette biletet, gjennom å delta på julegudstenesta.

Men det er krefter i samfunnet vårt som ynskjer å endra tradisjonane. Skal vi ikkje lengre få lov til å fortelja dette til borna? Skal alt gjerast nøytralt? Det er ikkje dei som kjem frå andre land til oss, som ynskjer å endra dette. Kva er vi redde for?

Eg er glad for at kyrkja har fått midlar til å driva trusopplæring. Det er ei viktig oppgåve å læra borna om kvifor vi feirar jula og dei andre høgtidene. I dette biletet finn vi også søndagsskulearbeid, tripp trapp, speidar, konfirmantarbeid, barne- og ungdomskor, juletrefestar og mykje anna aktivitet i bedehus og kyrkje.

Eit arbeid som i stor grad byggjer på frivillige medarbeidarar som brukar fritida si for det dei trur på.

Me ynskjer dykk alle ei god og velsigna julehøgtid, og eit godt nytt år.



Nye kjem med i oppgåveneRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., oktober 22, 2016 20:43:27

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 5, 20. oktober 2016

Hausten representerer ei endring på mange måtar. Trea og naturen skifter farge, dagane blir kortare, men i kyrkjer og bedehus blømer det som best nå. Trusopplæringsarbeidet er i full gong att og folk samlast på bedehusa.

Nye kjem med i oppgåvene og vi presenterer litt av dette i kyrkjebladet denne gongen. Lokalt har Lillian Sønstabø Johanssen teke over som trusopplærar i fleire bygder. Vi ynskjer henne velkommen i tenesta.

I november skal det tilsetjast ny sokneprest for Ølen og Bjoa. Det er fleire søkjarar så dette blir spennande. Takk Johannes, for mange år i ei god og aktiv teneste hos oss. Så skal Stavanger Bispedømme få ny biskop. Erling Pettersen legg ei av sine avskjedsgudstenester til Haugesund 2. des. Ei takk også for denne tenesta.

Om leiarar skifter, så er den lokale innsatsen viktig. Det kvar og ein gjer i si bygd er med og ber ordet om Frelsaren vidare til nye generasjonar. Ei særleg takk til deg som står i dette arbeidet.



Å møta det vonde med det godeRedaksjonspennen

Opprettet av Steinar Skartland lø., oktober 22, 2016 20:34:27

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 4, 1. september 2016

Denne sommaren har vore prega av nyhetsmeldingar om terror fleire stader i Europa. Det er vanskeleg, ja, umogeleg for oss å forstå at menneskje kan gjera så mykje vondt mot uskuldige, mange av offera er endå til born. Mange har gjort terror i namnet på ein gud og ei gudstru.

I kyrkjene våre så er det ei anna lære vi forkynner. Om ein Gud som ber oss venda det andre kinnet til om nokon slår oss. Om Jesus som i Bergpreika sa (Matt.ev. kap.5):

- Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.

Det er vanskeleg å tenkja slik når vold og terror vert retta mot born og uskuldige. Likevel skal vi ikkje la hatet fylla oss, men halda fram med å gjera godt mot dei vi møter, og minna kvarandre på at vår Gud seier i sitt ord til oss: - Du skal elska nesten din som deg sjølv.

La oss møta det vonde med det gode, så skal det gode sigra.