Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen i Hyrdingen

Redaksjonspennen

I kvart nummer skriv redaktøren ein "leiar artikkel". Denne vert presentert her i tillegg til i bladet. Stoff og kunngjeringar du ynskjer inn i Hyrdingen kan sendast til: redaksjonen@hyrdingen.no
Les i HYRDINGEN.

Karikaturar og mobbing

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland fr., juni 05, 2015 19:41:57

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 1, den februar 2015.

av Steinar Skartland

Mobbing i skulen og mellom unge er ei sak som er framme i media. Trass i kampanjar og lærarar som gjer ein flott jobb, så er dette ein del av kvardagen for mange unge. Men er det ikkje slik at vi vaksne er førebilete for borna? På godt og vondt. Kva for signal sender vi ut?

Karikaturteikningar er eit heitt tema for tida. Då kan du hengje ut andre si tru, legning og meiningar som du vil. «Standup comedians» er ei form for underhalding. Noko eg opplever som vaksne som har lov til å stå på ei scene og banne, sjikanere og snakke dritt om andre menneske. Og så ler vi. Vi slo av TV ein kveld. Det var vondt å oppleva eit vaksne menneske som framføre ei forsamling praktiserte «Standup banning» og sjikanering i utstrakt grad. …og så lo dei i den fulle salen.

Mine ord og haldningar smittar. «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei,» sa Jesus. Nyttar det å seia til borna at dei skal tala vel om kvarandre, ikkje leggja ut på Facebook noko som gjer andre leie seg, ikkje skriva nid-ord på veggen, når eg sjølv forfektar at eg har rett og plikt til å leggja ut karikaturar som eg veit krenkjer andre si tru, legning og sjølvkjensle?

«Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp,» skreiv Paulus i eit brev til korintarane, og han heldt fram litt etterpå: «Lat korkje jøde eller grekar eller Guds kyrkje få noko å støyta seg på».

Å stille spørsmål med lære, politikk og doktrinar, er viktig. Vi skal ikkje godta alt idol, samfunnstoppar eller media seier og gjer, men eg oppmodar til at dette vert gjort med vørdnad, omtanke og kjærleik. Ver du eit godt førebilde for andre.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post31

Julehandel og kontrastar

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland fr., juni 05, 2015 19:34:58

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 6, desember 2014.

Av Arne Borgemyr

Eg trur at me no i adventstida meir en noko anna tid på året får øye på dei store kontrastar når det gjeld korleis folk har det materielt i vårt land og ute i verda.

Julehandel – 53 milliardar

Prognosen for årets julehandel er på ufattelege 53 milliardar kroner, eller 10.350 kroner i gjennomsnitt på kvar einaste norske borgar, liten som stor. Av dette skal vel 22 milliardar gå til mat og drikke!

Hundre fattige i Vindafjord

Men dette skil seg sterkt frå det me kan lese i Grannar den 20. november der dagleg leiar i NAV, Laila Thorsen, seier: «Siste oversikt over fattige i Vindafjord viste 100, der 40 var forsørgjarar. Det betyr også at barn lever i fattige

familiar». Tenk! Hundre fattige midt i vår velstand?

Naud i verda

Løfter me blikket utanfor vårt land, møter vi så mykje materiell naud, krig og liding at me ikkje klarer å ta det inn over oss. Tenk på alle båtflyktningane på Middelhavet. Flyktningane i Libanon.

Eldsjelar

Heldigvis er det mange enkeltmenneske og organisasjonar som gjer ein kjempeinnsats for å hjelpe. I vårt land er Frelsesarmeen viktig. I dette bladet kan de lese om Brita Langeland i Vikebygd som har vore «primus motor» for innsamling av brukte klede til Ukraina i 10 år. Når ho fortel om nauda i det krigsherja landet, legg ho til: «Det skjer meg i hjarta...». Slike eldsjeler gjer ein forskjell i kvardagen! Ho fortel at det vart samla inn 600-700 sekkar med brukte klede i Skjold, Vats og Vikebygd i fjor. I Vikebygd var det rekord med 220 sekkar.

Kristen nestekjærleik

Kristne menneske speglar Kristi kjærleik og omsorg. Om desse seier kongen (Matt. 25, frå v. 35): ”For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.” I v. 40: ”Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.”



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post30

Trusopplæring og nye medarbeidarar

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland fr., juni 05, 2015 19:27:37

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 5, den oktober 2014.

Då eg vaks opp var bibelsoga og kristendom eit fast fag på alle klassetrinna i skulen. Vi fekk lære både kristendommens historie og korleis den hadde vore med og forma vår kultur og endå til våre lover og tenkjemåtar. Salmar og songar fekk vi også læra. Det er ikkje slik lengre. Nå er det kyrkja sjølv som har ballen. Som må syta for planar og tiltak som kan bidra til at kunnskapen om Kristus og det kyrkja står for, vert formidla. I tillegg til prestar og kateket så har vi nå fått statlege midlar til hjelp i dette arbeidet.

Vi er mange bygder og kyrkjer. Difor er det flott at kyrkja har tilsett tre medarbeidarar i deltidsstillingar. Desse skal vera med og leggja tilrettes for trusopplæring for alle som veks opp, saman med dei frivillige medarbeidarane.

Storparten av familiane i Vindafjord ber borna til dåpen i kyrkja. Dei seier ja til at borna skal ”oppsedast i kristen forsaking og tru”. Saman med kyrkjelyden får foreldre og fadrar del i eit ansvar: Å be for barnet, lære det sjølv å be, og å hjelpe det til å bruke Guds ord og Herrens nattverd. I praksis kan dette tyde å be kveldsbøn med dei, lese bibelforteljingar, og ta dei med til søndagsskule eller liknande. Kyrkja i Vindafjord, saman med organisasjonane, legg til rette tilbod som er til hjelp med nettopp dette.

Vi ynskjer dei nye medarbeidarane velkommen i tenesta.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post29

Kjærleiken til medmenneska

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland ma., november 10, 2014 09:27:15
Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 4, den 4. september 2014.

Det er ufred i verda. Kva er det som får tusenvis av unge menneske til å gå inn i krigshandlingar med mål å skremma andre til å meina det same som dei sjølve? Stadig fleire land og folkegrupper opplever at denne uforståelege vondskapen også råkar dei. Millionar av menneske ser inga anna råd enn å flykta frå alt dei har, for å berga livet.

Her heime i vårt trygge Noreg kan vi velja å slå over på ein annan kanal på fjernsynet når nyhetsmeldingane kjem frå dei krigsherja landa. Vi kan velja mellom sport eller filmar som høver oss betre. Men dei det gjeld kan ikkje skifta kanal. Høyrer du ropa deira om hjelp?

Ei overskrift framme på avisa seier: «50.000 kan dø av sult i Sør-Sudan». På TV ser eg våre kjende politikarar viser fram at ketchup er dyrare i Noreg enn i Sverige. Kva er det som er viktig? Vi lever ikkje på ei isolert øy der vi kan stengja ute det vi ikkje likar. Vi har ressursar både til å bry oss om dei som er i vårt land, men også å bry oss om dei som treng hjelp andre stader. Nesten min, som Jesus tala om, er ikkje berre i nabohuset.

Sentralt i kristendommen er kjærleiken til medmenneska. «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier,» siterer eg frå Jesus si Bergpreike. Ta fram Bibelen og les denne talen som står i Matteus’ ev. kap. 5-7. Her er også oppmodinga: «Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.» Ein annan måte å møta livet på.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post28

Å læra dei alt det eg har bode dykk

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland ma., november 10, 2014 09:18:58

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 5, den 23. oktober 2014.

Då eg vaks opp var bibelsoga og kristendom eit fast fag på alle klassetrinna i skulen. Vi fekk lære både kristendommens historie og korleis den hadde vore med og forma vår kultur og endå til våre lover og tenkjemåtar. Salmar og songar fekk vi også læra. Det er ikkje slik lengre. Nå er det kyrkja sjølv som har ballen. Som må syta for planar og tiltak som kan bidra til at kunnskapen om Kristus og det kyrkja står for, vert formidla. I tillegg til prestar og kateket så har vi nå fått statlege midlar til hjelp i dette arbeidet.

Vi er mange bygder og kyrkjer. Difor er det flott at kyrkja har tilsett tre medarbeidarar i deltidsstillingar. Desse skal vera med og leggja tilrettes for trusopplæring for alle som veks opp, saman med dei frivillige medarbeidarane.

Storparten av familiane i Vindafjord ber borna til dåpen i kyrkja. Dei seier ja til at borna skal ”oppsedast i kristen forsaking og tru”. Saman med kyrkjelyden får foreldre og fadrar del i eit ansvar: Å be for barnet, lære det sjølv å be, og å hjelpe det til å bruke Guds ord og Herrens nattverd. I praksis kan dette tyde å be kveldsbøn med dei, lese bibelforteljingar, og ta dei med til søndagsskule eller liknande. Kyrkja i Vindafjord, saman med organisasjonane, legg til rette tilbod som er til hjelp med nettopp dette.

Vi ynskjer dei nye medarbeidarane velkommen i tenesta.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post27

Grunnlova

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland sø., august 24, 2014 15:57:43

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 3, den 6. juni 2014.

Å elska

Denne våren har landet feira grunnlova sin 200 års dag. Tradisjonen tru skjer feiring av grunnlovsdagen også i alle kyrkjene våre. Her kan det meldast om svært godt frammøte av festkledde folk.

Det er meir enn ein tradisjon å gå til kyrkje denne dagen. Dei kristne verdiane fekk vera med å byggja landet vårt og prega også grunnlova som vart laga på Eidsvoll. Det er gode verdiar.

Gud ga folket ei grunnlov
Gud ga folket ’ei grunnlov’ i 10 paragrafar. Ein lovkunnig ville setja Jesus på prøve og spurde: «Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: «’Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit’. Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ På desse to boda kviler heile lova og profetane.»

Fekk du med deg ordet: ’Elska’? Dette er grunnlaget i den kristne tru og lære. Derfor kallar vi med frimod inn til gudsteneste, også grunnlovsdagen. Dette vil vi også at kyrkjebladet skal få minna alle heimar om.

Takk

Når eg ser alt det flotte barne- og ungdomsarbeidet som er i Vindafjord så blir eg stolt. Tusen takk til kvar og ein av dykk som står på for dei unge. Nå har kyrkjelydane våre fått offentlege midlar og lyser ut ny stilling som fast medarbeider. Dette vil styrkja arbeidet lokalt, men også krevja at det frivillige arbeidet held fram. Vi kjem med meir informasjon i neste nummer.





  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post26

Gledeleg Påske !

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland sø., april 06, 2014 01:24:15
Redaksjonspennen, av Steinar Skartland.

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 2, den 10. april 2014.

Eg vil få ønskja deg gledeleg påske. For mange er dette ei tid då dei skal på hytta. Gå på ski. Vere ute og saman med familien. Men er påsken for deg meir enn ein ferie? Kvifor feirar vi denne kristne høgtida. I kyrkjene våre vil forkynning og innhald fylgje Jesus gjennom hans siste påske som menneske. Frå jubelropa palmesøndag, gjennom Jesus som døydde på krossen for oss, til ny jubel i songane:
”Oppstått er Jesus, Hurra, Hurra! Han lever, Han lever, Han lever i dag,” eller den tradisjonelle: ”Påskemorgen slukker sorgen.”

Mange er aktive med song og musikk i bygdene våre, noko vi også presenterer for deg i dette nummeret (nr 2-2014) av Hyrdingen. Noko også du kan få bli med på.

Palmesøndag blir det friluftsgudsteneste på Fjellstøl i Sandeid. Høve til å kombinere friluftsliv, påskebodskap og song. På side 14 kan du sjå oversikt over kor det er gudstenester i påska. Kan det passa for deg å bli med i songen og samværet på ei av desse?

Fleire sokn har den seinare tid drøfta å finna tettare samarbeid og kanskje samanslåing

av sokneråd. Bjoa og Ølen vurderer dette og på same måte Vikebygd og Skjold. I april og mai står soknemøte for døra i fire bygder. Her skal folket i bygdene få seia si meining og røysta over framlegga. Noko du bør delta i.

Ikkje alle kan seia orda gledeleg påske. Tunge tankar, sorg over familiemedlemmer som er gått bort eller einsemd. Kanskje kan du bety noko for dei. Ta tid til å vera ein ven. Ei hjelp for nokon til å oppleva ein gledeleg påske?



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post25

Ny giv for trusopplæring.

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland sø., april 06, 2014 01:14:40

Redaksjonspennen, av Steinar Skartland.

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 1, den 13. februar 2014.


Det er flott å gå på gudstenester i Vindafjord. Sokneprestar, kateket og frivillige medarbeidarar har satsa på inkludering av born og ungdom når bygdefolket samlast i den lokale kyrkja. Søndagsskular, barnekor, speidarar, konfirmantar og ei rekkje lokale trusopplæringstiltak deltek og er synlege i mange av gudstenestene. Rundt om kring i landet har mange kyrkjelydar fått statlege tilskott for å driva arbeidet. Hos oss har det vore finansiert med gjevarteneste, dugnad og tilskott frå kommunen.

Nå er det endeleg Vindafjord sin tur. Hurra! Sokneråda har eit stort ansvar for trusopplæring av nye generasjonar. Mange gjer ein kjempejobb. Vi vonar sjølvsagt at det store fellesarbeidet og dugnaden som har prega trusopplæringa lokalt, vil halda fram med like stor glød. At ein ikkje tenkjer: Nå får vi pengar. Då ordnar alt seg. Nei, det viktigaste elementet i trusopplæringa er vaksne som bryr seg. Som deltar og engasjerer seg. Som borna kan sjå opp til. Det må vi halda fram med. Men med pengar kan ein løysa nokre av dei utfordringane vi står overfor. Få gode hjelparar tilsett.

Det blir spennande å sjå kva sokneråd og fellesråd kan få til når dei nå skal planleggja framtida med trusopplæring for nye generasjonar.



  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post24

Jul i eit framandt land

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland sø., desember 29, 2013 22:04:37

Redaksjonspennen, av Steinar Skartland.

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 6, den 12. desember 2013.

I mi ungdomstid kom det slektningar på besøk frå USA. Dei hadde ikkje vore i Gamlelandet på 60 år. Korleis hadde det vore å reisa frå familie i Noreg i unge år og feira jul langt borte? ”-Det hende julegrauten var salta med tårer,” fortalde dei. Lengselen etter dei der heime, som var så langt borte.

Årleg er det mange som går jula i møte her i Noreg mens tankane går til tradisjonar og familie i landet dei kjem ifrå. Det kan nok vera eit stort sakn, sjølv om dei fleste nå kan reisa enklare enn dei som utvandra til Amerika frå våre bygder. Med fly kjem vi langt på nokre timar. Mange av dei er vane med å feira den kristne jula i heimlandet sitt. Med seg har dei andre tradisjonar og skikkar enn vi er vane med. Anna slags julemat også. Julesongar på andre språk. Då er det flott at vi kan få oppleva og dela noko av dette. Det er spennande. I Vats kyrkja samlast dei til fleirspråkleg julesong 18. desember.

Men det er ikkje alle som kan reisa heim til jul. Til landet vårt har mange også kome frå krig og forfylging. Det er ikkje fred på jord denne jula heller. Nyheitene fortel om 5000 flyktningar som har fått godkjent opphaldsløyve i Noreg, men som framleis må bu i mottak. Ingen kommunar vil ta i mot dei. Juleevangeliet minner oss både om eit herberge som det ikkje var ledige rom i og om to unge foreldre som måtte røma for livet med den vesle guten sin. Er det slik i dag og? Kanskje vi kan dela litt av vår og deira julefeiring med kvarandre?

Eg ynskjer deg ei
Velsigna julehøgtid

  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post23

Ord som kan formidle

RedaksjonspennenOpprettet av Steinar Skartland sø., desember 29, 2013 21:55:34

Redaksjonspennen, av Arne Borgemyr.

Les HER i kyrkjebladet Hyrdingen, utgåve nr 5, den 24. oktober 2013.

Det er haust, og me får meir tid til å vere inne om kveldane og setje oss ned med ei god bok.

Ein har sagt: “Sei meg kva du les, og eg skal seie deg kven du er”. Eg har og høyrt ein seie at livet er for kort til å lese gode bøker, han hadde bare tid til å lese dei beste!

Kva tar me oss tid til å lese?

Me bruker ord til å kommunisere med kvarandre. Orda kan formidle tankar, kjensler, verdiar og haldningar.

Ord kan bli til bøker. I 2011 kom ei gammel bok ut i ny omsetjing. Ja, eg siktar til Bibelen, som er den mest selde boka i verda. Den vert også kalla “bøkenes bok”. Her kan me lese at dei heilage skriftene kan gje oss visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. Det skulle vere ein god grunn for å ta fram Bibelen frå bokhylla, ny eller gamal omsetjing - og setje seg ned og lese!

Så kjem det ut mange gode bøker som forklarer Bibelen sin bodskap. Særleg viktig er det at borna våre får høyre om Jesus. De foreldre og besteforeldre kan tenke på dette når de har høve til å lese for barna. Dei vil gjerne høyre. Og før me veit av det, er det jul. Då kan ei god, kristen bok vere den rette gåva både for store og små. Lukke til med lesinga!

  • Kommentarer(0)//redaksjonspennen.hyrdingen.no/#post22
« ForrigeNeste »